31. oktober 2024 kl. 15:24
Onsdag 20. november held me stengt for ordinær drift, på grunn av opplæring. Det vil ikkje vere mogeleg å bestille legetime eller ta blodprøver denne dagen.
Du kan som vanleg sende forespørsel om reseptfornying på Helsenorge.
For øyeblikkeleg hjelp kan du ringe legevakta på tlf. 116117.
25. juni 2024 kl. 14:47
Me har ikkje lenger telefontid med lege på måndagar og fredagar. Skal du gje ein rask beskjed til legen vil hjelpepersonell kunne formidle beskjed. Vil du snakke med legen må du tinge time eller telefontime.